Island Victory inn til sluttutrusting ved Vard Brevik:

Dette skipet skal rett i arbeid for Equinor når det er ferdig

Når Island Victory - som opphavleg blei kontrahert i 2014 - endeleg blir levert neste år, skal installasjonsfartøyet rett i jobb.

Island Victory på veg inn til Vard Brevik torsdag. Der skal skipet sluttutrustast, og levering vil etter planen skje sommaren 2019. Då går fartøyet rett i arbeid for Equinor.  Foto: Island Offshore.

Næringsliv

Det nye tilskotet i Island Offshore-flåten, installasjonsfartøyet Island Victory, blei altså opphavleg kontrahert i 2014, med planlagd levering i juni 2016. Men slik blei det som kjent ikkje. Etter at bygging og tid for levering av båten blei utsett som følgje av den maritime krisa og restrukturering av Island Offshore, byrja bygginga først i år. Etter planen skal det no inn til sluttutrusting ved Vard Brevik og leverast frå verftet sommaren 2019.

Det var 23. mai i 2014 at Vikebladet Vestposten og andre medieaktørar kunne presentere nyheita om at det Ulsteinvik-baserte offshorereiarlaget hadde kontrahert nok eit nybygg.


 

Multifunksjonsfartøy og "kraftplugg"

Installasjonsfartøyet, som er designa av Rolls-Royce (designtypen UT 797 CX), skal bli eit multifunksjonsfartøy med eit vidt bruksområde, og det tredje største fartøyet i flåten til Island Offshore. Det 123 meter lange og 25 meter breie fartøyet blir utstyrt med ei 250 tonns offshorekran, to ROV'ar og ein stor moonpool. Med ei trekkraft på over 400 tonn kan båten også nyttast til tung ankerhandtering.

Administrerande direktør i Island Offshore, Håvard Ulstein, nytta karakteristikken "kraftplugg" om fartøyet, då han snakka om det i ei pressemelding knytt til kontraheringa i 2014.

Island Victory får når skipet er ferdig eit dekksareal på heile 1.100 kvadratmeter.

I eit sitat Vikebladet Vestposten har fått frå kommunikasjonsavdelinga til Island Offshore torsdag, fortel Håvard Ulstein:

- Island Victory vil gå rett på jobb for Equinor etter levering. Vi opplever stor interesse for båten i marknaden, og det vert jobba med å sikre tilsvarande arbeid for andre kundar etter Equinor-jobben. Dette fartøyet vil ha heile verda som arbeidsfelt og med den framdriftsløysinga som er valt, vil båten kunne bevege seg frå det eine kontinentet til det andre med lågt forbruk og dermed låge utslepp. Båten er unik i sitt slag med spesielle kapasitetar som gjer at jobbane kan utførast hurtigare, og dermed spare pengar for kundane. Vi ser fram til å sette Island Victory i drift.