Emisjonen som gjer Kongsberg i stand til å kjøpe Rolls-Royce Commercial Marine:

Heile 25 prosent over ønskjemålet

Mange viste interesserte i emisjonen som skal sikre oppkjøpet av Rolls-Royce sin kommersielle marinedivisjon.

Stortinget har gitt sitt ja, og no er også emisjonen som blei varsla gjennomført, med ei solid overteikning. Alt ligg no føre for at Kongsberg Gruppen tek over Rolls-Royce i løpet av 2019.   Foto: Ole-Ottar Høgstavoll/Arkiv.

Næringsliv

I ei børsmelding torsdag føremiddag går det fram at emisjonen som skal sørgje for at Kongsberg Gruppen blir i stand til å kjøpe Rolls-Royce Commercial Marine var vellukka. 25,7 prosent fleire aksjar var teikna enn det som var ønskjemålet til storkonsernet.

Som i løpet av berre to veker skulle sikre seg 5 milliardar kroner for å kunne gjennomføre overtakinga av Rolls-Royce Marine. Teikningskursen blei ifølgje børsmeldinga sett til 83,30 kroner. 

Staten, som eig halve Kongsberg Gruppen, har alt gått ut og garantert for halvparten av emisjonen, med rundt 2,5 milliardar kroner.

Dei i alt 75.380.703 nye aksjane skal fordelast etter eigne kriterium.


Eit samrøystes Storting:

Sa ja til Rolls-Royce Marine-oppkjøp

Tysdag gjorde Stortinget vedtak om at statleg deleigde Kongsberg Gruppen kan kjøpe opp marinedivisjonen til Rolls-Royce.