Sparebank 1 Søre Sunnmøre og kommunen signerte avtale:

Blir ny bank for Ulstein kommune

Ordførar Knut Erik Engh og Stig Brautaset, administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, signerte den nye avtalen fredag.

Fredag signerte ordførar Knut Erik Engh på ein avtale mellom Ulstein kommune og Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Det gjorde også administrerande direktør for banken, Stig Brautaset.   Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll.

Næringsliv

Fredag føremiddag signerte altså dei to partane avtalen som sikrar Sparebank 1 Søre Sunnmøre Ulstein kommune som kunde dei neste tre åra. Ulstein kommune og banken har i utganspunktet signert ein treårig avtale, der det i tillegg følgjer med ein opsjon på ytterlegare eitt år.

Ifølgje assisterande rådmann Verner Larsen i Ulstein kommune blei det i anbodsprosessen innhenta tilbod frå totalt fire bankar, to av dei lokale. Det var til slutt Sparebank 1 Søre Sunnmøre som fekk oppdraget, då kommunen fekk eit godt inntrykk av tilbodet, i tillegg til prisane som blei presentert.

Ulstein kommune si store lånegjeld, som er på rundt 1,5 milliardar kroner, er ikkje ein del av denne avtalen.


Du kan lese meir om avtalen i laurdagsutgåva av Vikebladet Vestposten, og på nett laurdag.