Ulsteinvikaren Helge Gjerde:

Skal leie Innovasjon Norge i Møre og Romsdal

1. januar tek Gjerde til i stillinga. - Gler meg til å bli med i eit selskap som er ein sterk bidragsytar til omstilling og utvikling, seier Gjerde til Vikebladet Vestposten.

Helge Gjerde, ny regiondirektør for Innovasjon Norge i Møre og Romsdal.  Foto: Per Eide.

Næringsliv

Sidan byrjinga av 2017 har ulsteinvikaren Helge Gjerde jobba som sjølvstendig konsulent. Det kjem fram i ei pressemelding frå Innovasjon Norge. Han har ifølgje pressemeldinga meir enn 20 års erfaring frå maritim bransje.

Gjerde har hatt leiiande stillingar i Ulstein Group og Rolls-Royce, og tidlegare jobba i Statoil, som no har namnet Equinor.

- Vi er veldig glade for at Helge er blitt ein del av vårt team i Møre og Romsdal, seier Per Niederbach, direktør for regionar og finansiering i Innovasjon Norge.

Stort nettverk

Han meiner røynsla og nettverket til Gjerde er eit stort pluss.

- Helge har lang leiarerfaring og eit breitt nettverk i sentrale delar av næringslivet, både i Møre og Romsdal og internasjonalt. Vi har stor tru på at Helge vil vere med på å styrkje det gode arbeidet vi gjer for næringslivet i regionen.

Gjerde er utdanna siviløkonom frå Norges Handelsøyskole i Bergen. Han kjem til å ha ansvar for Innovasjon Norge sitt arbeid i heile Møre og Romsdal og vil jobbe frå begge kontora til organisasjonen i fylket, i høvesvis Ålesund og Molde.

- Sterk bidragsytar

Til Vikebladet Vestposten fortel Gjerde at han ser svært mykje fram til å byrje i jobben. Han tek til i regiondirektørstillinga 1. januar.

- Det er sjølvsagt knytt ein del spanande element til Innovasjon Norge, og det er fleire årsaker til at eg ønskte denne jobben. Innovasjon Norge er eit viktig selskap og ein sterk bidragsytar til utvikling og omstilling av næringane i Norge, mellom anna her i Møre og Romsdal. Den situasjonen vi er inne i no og har vore i ei stund, med ei kraftig omstilling innanfor næringslivet, er svært spanande og viktig å følgje med på. Dette er ein aktør som er involvert på tvers av mange segment og mange næringar. Dette er det som dannar hovudmotivasjonen, seier Gjerde til Vikebladet Vestposten.

Med over to tiårs erfaring innanfor den maritime bransjen er det mykje Gjerde føler han kan bidra med.

- Heilt klart. Eg vil tru at noko av det eg kan bidra med er basert på erfaringane mine. Eg har jobba innanfor dette feltet i overkant av 20 år og har vore med på fleire oppturar og nedturar - heldigvis flest av dei oppturar. Eg har også ei viss internasjonal erfaring, der eg har jobba mykje mot internasjonale marknadar. Eg ser fram til dette, seier Gjerde.