Bank-direktøren om Ulstein kommune-avtalen:

– Vi har jobba hardt for å kome hit

Stig Brautaset, administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, signerte den nye bankavtalen saman med ordførar Knut Erik Engh fredag. Ein avtale som betyr mykje for lokalbanken.

Avtalesignering og kake Administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset (t.v.) og ordførar i Ulstein kommune, Knut Erik Engh, tek kvarandre i handa etter å ha signert avtaledokumentet fredag føremiddag. Med det har lokalbanken sikra seg Ulstein kommune som kunde dei neste tre åra – med ein opsjon på ytterlegare eitt år.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

– Dette var ein kunde vi ville ha, og vi har jobba hardt for å kome hit vi er i dag. Vi set umåteleg stor pris på at Ulstein kommune har valt oss som samarbeidspartnar, sa Stig Brautaset, administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, under møtet på rådhuset i Ulsteinvik.