Fleire lastebilar mellom aust og vest

Lastebiltrafikken mellom Aust- og Vestlandet aukar, viser ein rapport selskapa Asplan Viak og Norce har laga for Statens vegvesen. Det er stikk i strid med målsettinga i Nasjonal transportplan.

Meir gods mellom Aust- og Vestlandet blir frakta med lastebil, viser Vestlandsrapporten.   Foto: Illustrasjonsfoto/Erlend Aas/NTB Scanpix/NPK.

Næringsliv

(NPK): I Vestlandsrapporten kjem det fram at det er lastebilane som står for heile veksten i godsvolumet til Vestlandet, med ein auke på 100.000 turar på sju år. I transporten på bane og sjø har det omtrent ikkje vore noko vekst, skriv Asplan Viak i ei pressemelding.

Dette er stikk i strid med måla i Nasjonal transportplan om ein meir effektiv og miljøvenleg godstransport, som inneber meir gods over frå veg til sjø- og banetransport.

– Om eg skal trekka fram ei enkeltårsak, er det utviklinga som har skjedd over lang tid med mindre lagerhald lokalt på Vestlandet, og bygging av store sentrallager på Austlandet, seier seniorrådgivar Øyvind Sundfjord i Asplan Viak.

Lageret flytta til veg

Det har gjort at lageret i større grad er på vegen, og det har gitt auka etterspurnad etter transport som har kort leveringstid, er punktleg og går ofte, fortel rapporten. I fjor blei 46 prosent av alt gods til og frå Vestlandet frakta på vegen, mot 39 prosent i 2010.

– Det vil seia at vegtransporten aukar meir enn bane- og sjøtransporten, seier Sundfjord.

Det er særleg på fjellovergangane at talet på turar og tonn som blir frakta aukar.

– Det er positivt at bilane er fullare enn før, seier senioringeniør Bjarte Børtveit i Statens vegvesen.

Funna i Vestlandsrapporten er gjort etter 13.000 intervju på 48 timar i april i år. I tillegg er det samla inn data frå hamnar og jernbaneterminalar, og gjennomført 25 djupneintervju.

Asplan Viak og Norce har vore engasjert av Statens vegvesen, fylkeskommunane i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Rogaland for å kartleggja godstransporten på Vestlandet.

Sjø ei utfordring

Rapporten peikar på mange tiltak som må verka saman for at det skal kunne skje ei endring slik at meir av godstransporten går over til sjø og bane.

For jernbanen handlar det om å byggja raskare bane slik at transport over natta gir levering tidleg om morgon.

– Men det er dessverre ikkje kapasitet til fleire leveransar i den viktige tidsluka tidleg om morgonen. I Bergen er difor terminalen ei viktig avgrensing, seier Sundfjord.

Sjøvegen er ei billig form for transport for verksemder med store mengder gods, men utfordringa på Vestlandet er å byggja opp eit ruteopplegg med høg nok frekvens til at tilstrekkeleg mange verksemder vel å bruka det, heiter det i rapporten.