Framleis høg arbeidsløyse – men NAV ser ei gradvis betring:

Trur oppturen kjem

Anders Hammer, leiar for NAV Hareid og Ulstein, legg ikkje skjul på at situasjonen kring arbeidsløysa i regionen framleis er krevjande. Men, han vel samstundes å fokusere på den positive utviklinga ein ser.

Har trua Leiar for NAV Hareid og Ulstein, Anders Hammer, har trua på at oppturen vil kome igjen for regionen. Torsdag arrangerte han og resten av NAV-teamet eit frukostmøte på Sunnmøre Folkehøgskule.   Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll.

Frukostmøte Ei rekkje arbeidsgjevarar frå Hareid, Ulstein og Sande var samla til frukostmøte med NAV.  Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll.

Næringsliv

Då Hammer blei ny leiar for NAV-kontora i Hareid og Ulstein i september 2017 tok han over dei to kommunane som hadde den høgaste arbeidsløysa i Møre og Romsdal. I Hareid var arbeidsløysa på 5,9 prosent av arbeidsstokken, i Ulstein på 5,7 prosent.

Under NAV og Mafoss sitt frukostmøte for arbeidsgjevarar i Hareid, Ulstein og Sande torsdag, kunne han fortelje at Hareid framleis ligg på fylkestoppen, med 5,4 prosent. Ulstein på si side har no ei arbeidsløyse på 3,9 prosent av arbeidsstokken. Dette skuldast at 72 av desse personane har fått arbeid igjen i løpet av det siste året. Brorparten kan nok koplast mot den maritime industrien i regionen, då denne har henta seg gradvis opp igjen.

– Vi har hatt ein bra reduksjon i arbeidsløysa siste året, og då spesielt i Ulstein. Men det er ein tankekross at det framleis er mange ledige arbeidstakarar blant dei unge, mange langtidsledige og mange med nedsett arbeidsevne, seier Hammer.

Sande-verksemder var også med på møtet, då det er venta at også Sande kommune neste år vil vere knytt til NAV-kontoret, som vil få kontorstad på Hareid. Det te skal opp til politisk slutthandsaming i kommunestyret i Sande om ikkje lenge.

Arrangerte frukostmøte

Ei rekkje lokale arbeidsgjevarar var altså samla under frukostmøtet på Sunnmøre Folkehøgskule. Dette var eit møte med overordna og viktige tema som rekruttering og formidling av arbeidskraft, og sjukefråværsoppfølgjing.

– For vår del hadde vi eit klart mål med dette møtet. Arbeidsgjevarane er dei viktigaste samarbeidspartnarane for NAV. Vi har framleis mange ledige og sjukmelde som treng hjelp til å komme i arbeid igjen, og då treng vi hjelp og innspel frå arbeidsgjevarane – både i høve til kva dei kan bidra med og deira rekrutteringsbehov. Vi ville også gjerne vite med dei kva som må til for at dei kan gje nokon ein ekstra sjanse til å komme seg inn igjen i arbeidslivet. Vi veit at mange som er arbeidsledige i dag er potensielt gode ressursar for bedriftene, men bedriftene sjølve må også vise ein vilje til å gje folk ein sjanse, fortel Hammer.

NAV-leiaren seier at han opplever dei fleste bedriftene i området som imøtekomande, men at det framleis finnast unytta potensial.

– Vi er nøgde med det generelle engasjementet, men det kan bli enno litt betre, seier Hammer og legg til:

– Vi veit at regionen vår er mykje knytt til opp- og nedkonjunkturar, men vi har trua på at oppturen vil kome igjen.

– Ein viktig arena

Rekruttering og tilgang på arbeidskraft i Norge og utlandet var eitt av tema, og det var også den digitale oppfølgingsplanen NAV har lansert. Hareids-verksemda Jets fortalde så litt om sine tiltak i høve sjukefråværsoppfølgjing, før fastlege Norunn Kirkebø Elde fortalde om sine oppfatningar og erfaringar kring same tema.

Medarrangør av frukostmøtet, Mafoss (Maritim Forening for Søre Sunnmøre), hadde mange av sine medlemsbedrifter til stades i salen på folkehøgskulen denne dagen. Konstituert dagleg leiar, Jan Thormodsæter, meiner det er viktig for interesseforeininga å vere med på slike samlingar.

– Det skjer ein revolusjon i NAV, og då er det viktig at arbeidsgjevarane og dei tilsette veit kva som skjer. I tillegg er dette ein viktig arena for diskusjon og erfaringsutveksling i høve situasjonen i regionen vår, seier Thormodsæter.