Tek Island Valiant ut av spotmarknaden

Medan Island Frontier har avslutta årets oppdrag for Equinor.

Island Valiant blir tatt ut av spotmarknaden i tre månadar.   Foto: Island Offshore

Næringsliv

Island Offshore skriv i ei oppdatering frå selskapet at dei har bestemt seg for å ta fartøyet Island Valiant ut av spotmarknaden i tre månadar no i vinter.

"Den generelle reduksjonen i aktivitet samt utsiktene for riggflytt gjennom vinteren gjer at selskapet vel å ha kun eitt AHTS-fartøy tilgjengeleg i spotmarknaden", heiter det i meldinga frå Island Offshore.

Der blir det også klart at Island Frontier har avslutta årets kampanje for Equinor.

"Island Frontier skal på verkstad for klassing på Myklebust Verft i januar og vil ta til på neste års kampanje rundt 1. april", skriv Island Offshore vidare.

Som ein konsekvens av at dei to fartøya går i vinteropplag vil dei fleste tilsette på fartøya bli permitterte i perioden då dei ligg stille. Frå før har Island Offshore fire båtar i langtidsopplag.

Island Offshore håpar samstundes på betre tider over nyttår.

"Island Offshore har tru på at aktiviteten i 2019 tek seg opp i høve til dette året og at fleire fartøy kjem i drift", skriv verksemda i oppdateringa.