Blir kundeansvarleg for bedriftsmarknaden

John Kåre Våge er tilsett som senior kundeansvarleg for bedriftsmarknaden i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

John Kåre Våge er tilsett som senior kundeansvarleg for bedriftsmarknaden i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.  Foto: Sparebank 1

Næringsliv

Det skriv Sparebank 1 Søre Sunnmøre i ei pressemelding.

– John Kåre har lang erfaring frå bank og næringsliv i Ulstein-regionen. Han er marknadsorientert og har god kjennskap til næringslivet, noko som er viktig i eit område der Sparebank 1 Søre Sunnmøre har ambisjonar om vekst. Vi har stor tru på at John Kåre vil bidra til å styrke bedriftsmarknaden i banken, seier Stig Brautaset, administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre i pressemeldinga.

Dei siste 4,5 åra har Våge jobba som finansdirektør i Borgstein AS og før det var han 15 år i Sparebanken Møre. Våge er busett i Ulsteinvik og tek til i stillinga frå 1. januar, skriv Sparebank 1 i pressemeldinga.

– Eg ville tilbake til bank og ikkje minst til ein lokal bank med lokalt avgjerdsmynde. Sparebank 1 Søre Sunnmøre satsar på næringsliv og har store ambisjonar om å ta større marknadsdelar. Å kunne få vere med på denne veksten var ei moglegheit eg ikkje kunne takke nei til, seier John Kåre Våge.