Kallar opp skip etter stjerner

Slik blir dei nye skipa til Havila Kystruten. No har dei fått namn etter stjerner.   Foto: Illustrasjon: Havila / NTB scanpix / NPK

Næringsliv

Dei fire skipa til Havila Kystruten får namn etter stjerner.

Frå 2021 skal Havila Kystruten segla mellom Bergen og Kirkenes i tillegg til Hurtigruten. Reiarlaget byggjer fire nye skip som skal gå i rute langs kysten.

Namna på skipa kom etter at Havila-eiga Per Sævik utlyste ein namnekonkurranse blant dei åtte barnebarna sine. Kravet var at namna skulle innehalde Havila og namnet på ei stjerne, skriv Sysla.

No er namna klare og skipa skal heita: Havila Capella, Havila Castor, Havila Polaris og Havila Pollux.

Skipa blir 122,7 meter lange, 22 meter breie og kan frakta 640 passasjerar. To av skipa blir bygde ved eit verft i Tyrkia medan dei to andre blir bygde i Spania.