Linn Wingsternes har seld sin del av verksemda:

Broren Tarjei tek over Kaffebaren

Veslebror Tarjei Wingsternes (23) har jobba deltid for søstera i fleire år allereie, men no tek han over som dagleg leiar og største eigar i Kaffebaren.

Linn Wingsternes har drive Kaffebaren i Ulsteinvik i 10 år, men no var det nok. I sommar bestemte veslebroren Tarjei seg for å spørje søstera om han kunne kjøpe ho ut, og slik blei det. No er Tarjei ny dagleg leiar og hovudeigar i Kaffebaren. Faren Lidar eig den resterande delen av verksemda, slik som han også gjorde då Linn var hovudeigar.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Faren Lidar Wingsternes eigde 40 prosent av aksjane i Kaffebaren AS då dottera Linn dreiv verksemda og eigde 60 prosent. No har altså Tarjei, veslebroren til Linn, kjøpt ho ut og tatt over reimane i verksemda. Faren blir med vidare som medeigar.

- Eg ser fram til å setje mitt preg på Kaffebaren, men samstundes skal vi ta vare på det Linn og pappa har bygd opp gjennom ti års drift, seier Tarjei til Vikebladet Vestposten.

Han fortel at det er planlagd ei oppussing av lokala til Kaffebaren i januar, men nøyaktig når dette arbeidet startar er ikkje spikra heilt enno.

Du kan lese meir om dette i laurdagsutgåva av Vikebladet Vestposten, og på nett laurdag.

Til sals:

Søkjer ny eigar til Kaffebaren

Linn og Lidar Wingsternes har bestemt seg for å selje Kaffebaren.


Har eigd og drive verksemda i 10 år:

– Kaffebaren er hjartebarnet mitt

Til sommaren er det 10 år sidan Linn Wingsternes tok over Kaffebaren i Ulsteinvik. No har Linn bestemt seg for å selje verksemda.


Stor interesse kring Kaffebaren:

– Det er spanande tider

Allereie same dag som Linn Wingsternes gjennom Vikebladet Vestposten fortalde at ho skal selje Kaffebaren, blei ho kontakta av folk som var interesserte. Onsdag kveld heldt ho første vising.