Rolls-Royce Commercial Marine:

Fekk kontrakt på propulsjonssystem til ni fartøy

Rolls-Royce Commercial Marine har signert ein stor kontrakt med det kinesiske verftet Nanjing Jinling.

Rolls-Royce Commercial Marine har signert ein stor kontrakt med det kinesiske verftet Nanjing Jinling om å levere propulsjonssystem til ni fartøy som skal byggast for italienske Grimaldi Group.  Foto: Knud E. Hansen Denmark/Rolls-Royce Marine.

Næringsliv

Kontrakten går altså ut på å levere propulsjonssystem til ni fartøy som skal byggast for italienske Grimaldi Group.


Dei i alt ni avanserte Ro-Ro-fartøya (roll-on-roll-off) blir 238 meter lange og er designa for å kunne frakte 7.800 meter med rullande einingar. Det tilsvarar rundt rekna 500 trailarar.

Skipene vil bli hybride ved å kombinere fossilt drivstoff for drift med batterikraft når skipa ligg i hamn. Sjølve skipsdesignet blir levert av Knud E. Hansen i Danmark.

– Vi gler oss til å jobbe vidare med dette oppdraget. Så langt har samarbeidet mellom verftet, reiarlaget og våre involverte medarbeifarar i Kina, Italia og dei nordiske landa vore veldig godt. Det betyr at vi har eit ypparleg utgangspunkt for framtidig suksess i dette prosjektet, seier Ottar Ristesund, SVP Propulsion Sales i Rolls-Royce Commercial Marine.

Promas-system

Det Rolls-Royce skal levere er styremaskiner og det såkalla Promas-systemet. Dette systemet integrerer ror og propell til eitt system. Systemet gir mindre tap av energi og meir kraft til sjølve propellen, og bidreg dermed til lågare forbruk av drivstoff. Promas skal leverast frå Sverige, medan styremaskinene skal leverast fra Brattvåg.

Den samla kontraktsverdien for Rolls-Royce Commercial Marine er i på like under 300 millionar kroner og levering vil skje frå 2019 fram til 2021 - når det siste skipet skal leverast.