Myklebust Verft leverte miljøferjer

FLAGGSKIFTE: Dei som skiftar flagg er prosjektleiarane (t.v.) Øyvind Sandvik og Tor Inge Nordmo frå verftet og teknisk sjef Joachim Ofstad Ness frå reiarlaget FosenNamsos Sjø. 

Næringsliv

- Med bygginga av desse fartøya har Myklebust sin stab og våre underleverandørar levert eit produkt som miljømessig har dei aller nyaste og beste løysingane, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide i Myklebust Verft i ei pressemelding i samband med at verftet har overlevert to nybygg som skal inn i ferjestrekninga Flakk - Rørvik i Trøndelag.

Fartøya det gjeld er to plug-in hybridferjer til reiarlaget FosenNamsos Sjø. Kontrakten blei inngått i november 2016. "Lagatun" vart overlevert torsdag 29. november, medan "Munken" vart overlevert i dag, fredag 30. november. Begge ferjene skal settast inn i sambandet Flakk – Rørvik frå 1. januar 2019.

- Ferjene vil i stor grad få all straum frå kraftige landbaserte hurtigladestasjonar som vil levere 4,5 megawatt. Det er Siemens si nyutvikla batteriløysing som er valt både om bord i ferjene og til ladestasjonane. seier Øyvind Sandvik og Tor Inge Nordmo som har vore prosjektleiarar frå verftet.

Multi Maritime i Førde som har designet på ferjene som elles er utstyrte med moderne lav-utslepp dieselaggregat om bord. Kapasiteten er 130 personbilar og 399 passasjerar. Dei reisande har tilgang til ein 360 graders panoramasalong under overfarten.

Mellom nyskapingane om bord er også navigasjonssystemet Autocrossing frå Rolls-Royce. - Systemet bidreg til lavare energiforbruk gjennom å analysere ytre omgjevnader og sørge for best muleg energioptimal overfart, heiter det i pressemeldinga

Ferjene vil sette kursen nordover mot Trondheim så snart veret tillet det.

- Vi gler oss til å ta imot passasjerane om bord i "Lagatun" og "Munken". Ferjene vil med sine hybridløysingar vere eit teknologisk vendepunkt innan norsk ferjedrift, seier administrerande direktør Grete Fuglem i FosenNamsos Sjø.