Næringsministeren vil skjerpe handhevinga av konkurranselova

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen lovar å styrke Konkurransetilsynet og skjerpe handhevinga av konkurranselova, spesielt i daglegvarebransjen.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen seier han vil skjerpe handhevinga av konkurranselova i daglegvarebransjen.  Foto: Kjetil Ree/Wikimedia Commons.

Næringsliv

(NPK-NTB): Tiltaka er ein del av den første stortingsmeldinga regjeringa legg fram om handelsnæringa. Røe Isaksen (H) presenterte hovudtrekka i meldinga, som skal leggast fram fredag, etter ei omvising på Kiwi på Hasle torsdag formiddag.

– Daglegvaremarknaden er så viktig for forbrukarane at vi må setje i verk tiltak raskt. Avgrensa konkurranse har store skadeverknader, både i form av lite effektiv ressursbruk, høge prisar og lite innovasjon, sa han.

– Regjeringa vil derfor styrke handhevinga av konkurranselova i bransjen, sa Røe Isaksen.

Omstridd næring

Det siste året har daglegvarekjedene, politikarar og akademikarar barka saman i ein stor debatt om daglegvaremarknaden, som mange meiner har for lite konkurranse, og der det er for vanskeleg for små aktørar å utfordre dei store kjedene.

«Dei tre store» innan daglegvarehandelen, Norgesgruppen, Coop og Rema 1000, kontrollerer 90 prosent av marknaden og har vore mistenkte for å drive med ulovleg prissamarbeid. Tidlegare i år gjennomførte Konkurransetilsynet ein razzia hos dei tre.

Det er særleg innkjøpsprisane leverandørane har til daglegvaremarknaden som har vore under lupa. Ei utgreiing Oslo Economics gjorde for Næringsdepartementet om etableringshinder i daglegvaresektoren, viste at forskjellar i innkjøpsprisane er det som aller mest hindrar nye aktørar i å etablere seg.

– Ei vurdering av kva konsekvensar eventuelle forskjellar i innkjøpsprisane har, blir ei prioritert oppgåve for tilsynet framover, sa næringsministeren.

Meir ressursar

Regjeringa vil også generelt be Konkurransetilsynet om å senke terskelen for kva saker som blir etterforska i daglegvarebransjen. I tillegg vil dei sørge for at tilsynet har nok ressursar til dette, og diskutere kva dei treng av midlar.

Om det kjem meir pengar allereie i budsjettet for neste år, vil ikkje Røe Isaksen seie direkte, men han antydar det langt på veg.

– Eg ønsker ikkje at Konkurransetilsynet skal nedprioritere andre oppgåver, seier han til NTB.

Røe Isaksen vil også greie ut behova for andre tiltak for auka konkurranse innanfor sal og distribusjon av daglegvarer og skal i tillegg foreslå ei eiga lov om god handelsskikk.

– Kan få enorm betyding

Både konkurransetiltaka og dei andre hovudtrekka i stortingsmeldinga om handelsnæringa vart tekne godt imot av næringslivsaktørane som var til stades på Hasle.

Nettbutikken Kolonial.no er blant fleire som har slite med å etablere seg i daglegvaremarknaden, og toppsjef Karl Munthe-Kaas er stornøgd med signala om at regjeringa vil ta tak i problema med prisdiskriminering.

– Dette er akkurat det vi har bedt om. Forskjellane i innkjøpspris i Noreg er veldig store mellom kjedene og enorme for nye «inntrengarar». Det har gjort at ein i praksis ikkje har fått nokon konkurranse. Både ICA, Lidl og nær sagt alle konkurrentane våre på nett har måtta legge ned eller trekke seg ut av marknaden på grunn av dette, seier han til NTB.

– Forhåpentleg vil dette også føre til domfellingar, slik at ein faktisk får avdekt prisforskjellane, seier Munthe-Kaas.

Også Norgesgruppen er positiv til eit styrkt Konkurransetilsyn.

– Vi har tillit til Konkurransetilsynet og er positive til at regjeringa vil skjerpe handhevinga av konkurranselova, seier Bård Gultvedt, direktør for næringspolitikk og styresmaktskontakt i Norgesgruppen, til NTB.