Brygga Sportsbar er opna

Opna dørene med cupfinale og toppkamar frå England.
Næringsliv

Rett nok vart det ein liten tjuvstart med ei testopning laurdag, men søndag opna Brygga Sportsbar offisielt på Sjøsida i Ulsteinvik. Der kunne gjestane mellom anna få med seg cupfinalen frå Ullevaal, der Rosenborg slo Strømsgodset 4-1, samt fleire godbitar frå engelsk fotball.

Ingrid Margrethe Ulstein og Thor Erik Andersen driv frå før Folk Spiseri. No er dei også med når Ulsteinvik har fått seg sportsbar, der også Michael Dahl og Geir Sundal er inne på eigarsida.


Eigar-kvartett går saman om nytt tilbod på Sjøsida:

Ulsteinvik får sportsbar

1. desember opnar etter planen Brygga Sportsbar på Sjøsida i Ulsteinvik. – Vi ønskjer å bidra til auka aktivitet i Ulsteinvik, seier ein av medeigarane, Geir Sundal.

 

Planen var å opne Brygga Sportsbar no i starten på desember, men Ulstein fortel at det framleis er ein del som skal på plass før alt er på stell.

På spørsmål om når dei var klare for å opne seier ho nemleg skjemtande:

- Neste laurdag.

Det første som møter gjestane er også eit skilt der det står at ein er heilt i oppstartsfasen og håpar gjestane har litt tolmod.

- Vi var nok ikkje heilt klare då vi opna i går til handballkampen, men eg trur nok ikkje kundane merkar så mykje til det, fortel Thor Erik Andersen.

Då lokalavisa var innom den nystarta sportsbaren såg det også ut til at det meste var under kontroll. 

På stort sett alle kantar har gjestane god utsikt til ein eller fleire skjermar, der det på opningsdagen var fotball som stod på programmet, men det er også tilbod for dei som ikkje nødvendigvis er så interesserte i sporten, og det er mellom anna mogleg å spele shuffleboard for dei som ønskjer det.

- Målet er at folk skal kunne kome hit, få seg noko å ete, ta seg ein kaffi, kanskje ei pils. Det skal vere ein møteplass for alle og som du ser no så er her også familiar som har tatt turen. Det er ikkje berre for dei som er interesserte i sport heller, og difor har vi også stolar som vender vekk frå skjermane, fortel Ulstein og Andersen.

Brygga Sportsbar skal etter planen ha ope kvar dag, frå ettermiddag og utover kveldane.