Norsk-finsk samarbeid mellom Rolls-Royce og Finferries:

Første heilt autonome seglasen i verda

Den finske ferja Falco har gjennomført den første heilt autonome seglasen i verda, skriv Teknisk Ukeblad.

Den finske ferja Falco har som den første i verda køyrt heilt utan menneskeleg innblanding i 400 timar.  Foto: Rolls-Royce Commercial Marine.

Her er Mats Rosin (t.v.), CEO i Finferries, og Mikael Makinen, toppsjefen for Rolls-Royce Commercial Marine, i Finland måndag.   Foto: Rolls-Royce Commercial Marine.

Næringsliv

(NPK): Rolls-Royce Commercial Marine og reiarlaget Finferries demonstrerte den sjølvkøyrande ferja måndag. Ferja har trafikkert strekninga Parainen–Nauvo sør for Åbo i Finland heilt førarlaust i 400 timar. Der har ferja heilt utan menneskeleg innblanding òg vore i stand til å takle fleire innlagde hinder.

– I dag har vi tatt eit stort steg vidare på vegen mot autonom skipsfart, og vi har stadfesta akkurat det vi har sagt i fleire år – at autonom skipsfart kjem, seier Mikael Makinen i Rolls-Royce til Teknisk Ukeblad.

Ulikt sjølvkøyr-teknologien på Norled-ferja Folgefonn, som den finske Wärtsilä-konsernet demonstrerte i Hordaland førre veke, er Falco i stand til automatisk å endre kurs og fart og gjere unnamanøvrar ut frå situasjonsanalysar og trafikkbilete. Folgefonn er framleis avhengig av menneskeleg hjelp om noko skjer.

Antikollisjonssystemet på Falco er utvikla av Rolls-Royce Commercial Marine.

Rolls-Royce har allereie selt delar av Autocrossing-systemet sitt til Fjord1 og Fosen Namsos Sjø. På Falco er dette systemet kombinert med autodokking og antikollisjonssystem. Dermed er ferja så godt som hundre prosent autonom.