Sjømateksporten ned – verdien opp

Noreg eksporterte 276.000 tonn sjømat for 9,9 milliardar kroner i november. Volumet fall med 8 prosent, mens eksportverdien auka med 11 prosent.

Det er rekordhøg pris for makrell.   Foto: Sara Johannessen/NTB Scanpix.

Næringsliv

(NPK-NTB): Hittil i år har Noreg eksportert 2,5 millionar tonn sjømat til ein verdi av 90,7 milliardar kroner, ifølgje ferske tal frå Noregs sjømatråd.

Eksportvolumet har auka med 5 prosent i dei første elleve månadane i år, og verdien har auka med 5 prosent eller 4,3 milliardar kroner frå same periode i fjor.

Lakseauke i EU

– EU vinn kampen om norsk laks, og etterspurnaden aukar framleis i EU-marknaden. I november vart det eksportert knappe 78.000 tonn laks til EU til ein verdi av 4,5 milliardar kroner. Dette utgjorde ein volumvekst på 4,5 prosent, mens verdiveksten var på heile 12 prosent, seier sjømatanalytikar Paul T. Aandahl i Noregs sjømatråd.

Noreg eksporterte 101.000 tonn laks for 6,2 milliardar kroner i november. Volumet er på same nivå som i fjor mens verdiauken er på 10 prosent eller 541 millionar kroner frå november i fjor. Hittil i år har Noreg eksportert 962.000 tonn laks for 62 milliardar kroner.

Rekordpris for makrell

I tillegg auka eksportverdien for makrell sterkt i november. Mens volumet på makrell gjekk ned med nesten 10 prosent samanlikna med same månad i fjor, gjekk prisen opp med heile 37 prosent. Dette resulterte i ein makrelleksport på knapt 1,1 milliardar kroner for november, noko som er 23 prosent høgare enn i fjor.

Faktisk er eksportprisen for frosen heil makrell i haustsesongen 2018 den høgaste som nokosinne er målt. I gjennomsnitt har prisen i oktober og november vore 16,21 kroner per kilo. Førre rekord var i 2005, då prisen var 15,33 kroner per kilo. Forventingane om lågare global tilførsel av makrell i 2019 er årsaka til at prisen er driven opp, ifølgje Noregs sjømatråd.

Fiskeriministeren er glad

– Eg er glad for at eksporten av norsk sjømat held fram å vekse. Norsk sjømatnæring skaper tusenvis av arbeidsplassar langs kysten. Dette er ei næring som vil bli stadig viktigare i åra som kjem, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) til NTB.

Han merker seg at eksportverdien for torsk aukar, sjølv om det er utanfor sesongen. Den frosne torsken går i stor grad til Kina og Storbritannia, og fiskeriministeren understrekar kor viktig den britiske marknaden er for norsk sjømatnæring.