Vidar Moldskred gir vidare stafettpinnen:

Harald Sætre er ny konsernsjef i Ulstein Betongindustri

Frå 1. januar er larsnesingen Harald Sætre tilsett som ny konsernsjef i Ulstein Betongindustri AS.

Vidar Moldskred (t.v.) takkar av som konsernsjef i Ulstein Betongindustri AS, og overlét roret til Harald Sætre.  Foto: Ulstein Betongindustri AS.

Næringsliv

Sætre har hatt vore økonomisjef/assisterande konsernsjef i fleire år, og skiftet til ny stilling som konsernsjef er noko som har vore planlagt gjennomført lenge. Det skriv Ulstein Betongindustri i ei pressemelding fredag.

Vidar Molskred går av som konsernsjef etter å ha vore i bedrifta samanhengande frå 1986.

Vidar starta først som ansvarleg arbeidsleiar og anleggsleiar ute, men i 1988 vart det behov for at han overtok ansvaret for anbodsrekninga og vart då også prosjektansvarleg.

Han var saman med faren Tolleiv Moldskred med på å få i hamn den første kontrakten på betongflåter.

Tørrdokka vart etablert, og dette var starten på den flåteproduksjonen Ulstein Betong Marine står for på Haddal i dag. Totalt er det frå 1988 bygd snart 135 betongflåter på Haddal under merkenamnet Ulsteinflåten.

Gir frå seg roret til Sætre

Då Ulstein Betongindustri AS vart organisert som konsern i 2013 var det naturleg at Vidar Moldskred tok jobben som konsernsjef. Dei ulike satsingane til selskapet blei i tillegg skilt ut som eigne selskap, og ved sidan av konsernsjef-jobben har Vidar Moldskred vore dagleg leiar i Ulstein Entreprenør AS. Denne delen av verksemda vil han halde fram med å leie framover.

Harald Sætre har på si side vore tilsett i Ulstein Betongindustri frå 2013 - då han kom frå Breivik Kalkverk på Larsnes. Der hadde han stillinga som dagleg leiar i 16 år før dette. Sætre er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole.

– Det vert spanande å ta fatt på oppgåvene i den nye stillinga. Eg kjenner etter kvart verksemda relativt godt og er stolt over å arbeide i eit selskap med så mange flinke tilsette og med så lange tradisjonar som Ulstein Betongindustri har, seier Sætre i pressemeldinga.

- Dette er ei solid bedrift, godt forankra i lokalmiljøet, med vilje og evne til utvikling. Eigarar, styre, leiing og tilsette er «framoverlente» og alle bidreg med stor innsats til bedrifta sitt beste, seier han.

Dei siste 10-15 åra har Ulstein Betongindustri hatt ei flott utvikling. Produksjon av flytande betongkonstruksjonar har vore eit særs vellukka satsingsområde.


Gode tider for Ulstein Betong Marine:

– Klondyke-stemning

Pågangen etter flytande betongkonstruksjonar er så stor at Ulstein Betong Marine byggjer ut produksjonskapasiteten.

 

 - Det komande halvåret investerer vi mellom 30 og 40 millonar i utvida kapasitet, nettopp for produksjon av flytande betongkonstruksjonar, seier Sætre.

Som i tillegg meiner det er viktig at selskapet tek vare på den solide posisjonen dei har i lokalmarknaden som ferdigbetongprodusent, maskin- og betongentreprenør, transportør og pukkverk.

- Eg er audmjuk for den oppgåva og tilliten eg har fått, og skal gjere mitt for å vidareføre den flotte utviklinga i konsernet. Det viktigaste den komande tida, vert å syte for at kapasiteten vi har etablert, og skal etablere, vert godt nytta. Vidare er det viktig å ta vare på den kulturen og ånda som er i selskapet. Trivsel, motivasjon og innsatsvilje for å sikre trygge og lønsame arbeidsplassar er stikkord her, avsluttar Sætre.