Blir ein del av verdas største revisjons- og rådgjevingsselskap:

KPMG tek over Revisorgruppen Møre

Det internasjonale storselskapet tek over heile verksemda til Revisorgruppen Møre 1. juli i år.

Oddbjørn Vågen, dagleg leiar i Revisorgruppen Møre.  Foto: Pressefoto/Arkiv.

Næringsliv

KPMG er eitt av verdas største revisjons- og rådgjevingsselskap innan revisjon, rådgjeving, skatt, avgift og forretningsjus. Selskapet har over 162.000 tilsette i meir enn 150 land. Det melder KPMG og Revisorgruppen Møre i ei pressemelding.

Med dette ønskjer KPMG å bli ein sterkare leverandør til næringslivet og den leiande aktøren innan revisjon, rådgjeving, skatt, avgift og advokattenester i Møre-regionen.

Revisorgruppen Møre har i dag kontorstad i Ulsteinvik, Ålesund og Volda.

Det er først og fremst fordi det skjer ei stor teknologisk utvikling i revisjons- og rådgjevingsbransjen, digitalisering av prosessar og investeringar i teknologi og arbeidsverktøy - som stiller store krav til revisjonsselskapa - som er bakgrunnen for at Revisorgruppen Møre (Rg Møre) vel å gå inn i KPMG.

- Eit naturleg steg vidare

Oddbjørn Vågen, dagleg leiar i Revisorgruppen Møre, fortel at alle dei tilsette i selskapet blir med over til KPMG når verksemdene blir slått saman 1. juli i år. Det vil ikkje dei over 500 kundane til Revisorgruppen i Møre-regionen merke spesielt mykje av, meiner han.

– For oss er dette eit spanande og naturleg steg vidare. Vi ønskjer å sikre at vi også i framtida kan levere tenester med høg fagleg kvalitet, til ein konkurransedyktig pris og med tidsriktige arbeidsverktøy. Gjennom å bli ein del av eit større nasjonalt og internasjonalt nettverk som har stort fokus på korleis revisjon utviklar seg som følgje av automatisering, ny teknologi og avansert bruk av dataanalyse, tilfører vi auka verdi til våre kundar og skaper ein spanande og framtidsretta arbeidsplass for våre tilsette, seier Oddbjørn Vågen, dagleg leiar i Revisorgruppen Møre og legg til:

– Ved at ansvarleg revisor og tilsette blir med over til KPMG sikrar vi kontinuitet på medarbeidersida, og kundane får ikkje vesentlege endringar i tilsette å forhalde seg til, seier Vågen.

Rg Møre sitt kontor i Ulsteinvik vil bestå og blir vidareutvikleafor å styrkje det lokale nærværet i eit område med noko av det mest spanande næringslivet på Vestlandet.

Revisorgruppen Møre er ein del av Revisorgruppen - som er eit nettverk av sjølvstendige revisjonsfirma representert frå Trøndelag og sørover. Selskapet omsette for vel 22 millionar kroner i 2017 og har 14 tilsette fordelt på to avdelingar lokalisert i Ålesund og Ulsteinvik. Hovudtyngden av kundar er små og mellomstore selskap på Sunnmøre, blant anna fleire knytt til sjømatnæringa.