Ulsteinvik-baserte Frøy Vest AS:

Kjøper Haugesund-selskapet Stava Sjø AS

Frøygruppen tek gjennom Ulsteinvik-baserte Frøy Vest AS over 100 prosent av aksjane i det Haugesund-baserte servicebåtselskapet.

Trond Stava (t.v.) tek Joar Gjerde i handa, og handelen er med det fullført. Frøy Vest tek over Haugesund-baserte Stava Sjø AS.   Foto: Stava Sjø/Frøy Gruppen.

Næringsliv

Med dette siste oppkjøpet dekkjer Frøygruppen snart heile norskekysten. Det melder selskapet i ei pressemelding onsdag morgon. Servicebåtselskapet Stava Sjø AS har sitt hovudkontor i Haugesund og base i Valevåg - og sit på betydeleg kompetanse innan drift av servicebåtar, i tillegg til å vere godt etablert i havbruksnæringa. Dagleg leiar i Ulsteinvik-baserte Frøy Vest, hareidsdølingen Joar Gjerde, fortel at oppkjøpet er ein del av strategien til Frøy-gruppen. Selskapet ønskjer å bli ein landsdekkjande leverandør av servicetenester spesielt retta mot havruksnæringa. Stava Sjø, som tel 17 ansatte, omsette for i overkant av 35 millionar kroner i 2017.

- Fra før dekkjer Frøy-gruppen Nord-Norge, Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. Med oppkjøpet av Stava Sjø er vi godt posisjonert for å vekse ytterlegare i kystområda i Rogaland og vidare sørover, seier Gjerde.

Passar godt inn

Stava Sjø blei starta i 2011, og tilbyr ifølgje Frøy Vest nye og moderne servicebåtar med kompetent mannskap primært til havbruksnæringa - men verksemda tek også på seg oppdrag inn mot andre område. Stava Sjø har i dag tre fartøy som alle er spesialutrusta for servicetenester.

- Dei tilsette i Stava Sjø har betydeleg servicekompetanse, og passar difor svært godt inn hos oss i Frøygruppen, seier Gjerde.

- Solid fotfeste i havbruksnæringa

- Vi har lang og allsidig erfaring frå den maritime bransjen, og eit solid fotfeste i havbruksnæringa. Vi utfører arbeid på ein sikker og effektiv måte, og i samarbeid med våre kundar løyser vi dei fleste oppgåver. Innanfor havbruksnæringa tilbyr vi ulike tenester og er i dag ein betydeleg leverandør til aktørar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, seier Trond Stava, dagleg leiar og til no hovudaksjonær i Stava Sjø.

Ifølgje pressemeldinga er selskapet veletablert med eit godt samarbeid med fleire viktige aktørar innan havbruksnæringa i området rundt Haugesund, Bergen og Sogn. I Valevåg disponerer Stava Sjø eigen base med verkstad, lager, uteareal og kai.

Vil tilføre ytterlegare kompetanse

Trond Stava fortel at Stava Sjø er god nøgde med å bli ein del av Frøy-gruppen.

- Gjennom nye båtar, nytt utstyr og særs kompetent mannskap, leverer vi tenester til kundane våre av høg kvalitet og lite nedetid. Dette har gitt oss eit godt rykte i marknaden og vil bidra til å styrkje posisjonen ytterlegare gjennom dette oppkjøpet som vil gje oss høgare fleksibilitet og tilføre ytterlegare kompetanse. Dette vil bidra til vidare vekst, og utvikling av tilsette og kundeforhold, seier Trond Stava i Stava Sjø.