Bunnpris Hareid skal totalrenoverast:

– Det blir godt å kunne gje kundane eit betre tilbod

Bunnpris Hareid har levert gode resultat gjennom fleire år, men behovet for plass og meir moderne lokale og utstyr har blitt meir og meir presserande.

Ei sårt sakna utviding av lokalet til Bunnpris på Hareid vil også føre til at området der posten held til blir større. I tillegg kjem det nytt kjøle- og fryseanlegg, LED-lys og nytt golv. Også personalområdet, lageret og butikken generelt blir større.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Butikken er i ferd med å vekse ut av lokalet

Butikksjef Karina Gade Larsen og assisterande butikksjef Ole-Erik Nykrem Røyset
Næringsliv

Difor går eigarselskapet Bunnpris Møre i samarbeid med huseigar Trelast Eigedom AS inn for å totalrenovere og utvide butikken i løpet av 2019.