Fiskerirekord:

Landa fisk for 20 milliardar kroner

Norske fiskefartøy fanga mindre torsk og makrell i 2018, men høgare prisar bidrog til at fisken dei leverte frå seg, hadde rekordhøg verdi.

Norske fiskefartøy leverte frå seg fangst til ein rekordverdi ved norske fiskemottak i fjor.   Foto: Illustrasjonsfoto/Cornelius Poppe/NTB Scanpix/NPK.

Næringsliv

(NPK): Til saman leverte fartøya fisk til ein verdi av om lag 20 milliardar kroner til norske fiskebedrifter. Det er 1,4 milliardar kroner meir enn året før, opplyser Fiskeridirektoratet.

Dette skjedde trass i kraftig nedgang i fangsten av viktige fiskeslag som torsk og hyse, på høvesvis 10 og 18 prosent. I tillegg gjekk fangsten av makrell og sild ned.

Auka fangst av fiskeslag som lodde og sei bidrog likevel til å vege opp for denne nedgangen i fangstvolum. Samtidig gjorde ein prisauke at verdirekorden vart nådd.

– Ein prisauke på både torsk og hyse gjer at totalverdien innan torskefiskeria likevel har halde seg stabil frå 2017 til 2018. Torsk og torskearta fisk står med 10 milliardar for halvparten av totalverdien i norske fiskeri i 2018, skriv Fiskeridirektoratet.

Fangstleveransane av reker dobla seg frå 2017 til 2018.

– Landa kvantum var på like over 28 tusen tonn. Trass i ein nedgang i pris på 6,5 prosent, vart den totale utbetalte verdien nesten dobla og enda på over 1 milliard kroner.

Direktoratet har laga ein splitter ny nettportal der spesielt interesserte kan hente ut informasjon om fangsten av dei ulike fiskesortane, mellom anna sortert på kva for ein kommune fisken vart levert i og kva for ein reiskap som vart brukt under fangsten.