Tilbyr privat jordmorteneste

I desse dagar tek Sara Fugledal Wiik til som jordmor hos Medi3  Foto: / Medi3

Næringsliv

Medi3 startar i desse dagar opp eit privat jordmortilbod i Ulsteinvik og i Ålesund.

– Her kan alle som er gravide få kome inn til time så tidleg og så ofte i svangerskapet som dei sjølv ønskjer. Det er mange spørsmål og store tankar som dukkar opp når graviditetstensten syner to strekar, seier jordmor Sara Fugledal Wiik i følgje ei pressemelding frå Medi3.

I pressemeldinga går det fram at Fugledal Wiik har erfaring som jordmor frå føde- og barselavdeling på sjukehus og i stiftinga Amathea. Ho skal ha tatt i mot over 200 nyfødde og såleis vere i stand til å førebu den gravide godt på det som ventar når fødselen er i gang.

"Sara har erfaring frå gravide kvinner i alle aldrar, frå fleire land og kulturar, åleinemødre og gravide i alle typer parforhold", fortel Medi3.

Eit tilbod til alle gravide

Dette tilbodet er for alle som er gravide, anten dei er aleine eller saman med in partner. Det er ikkje naudsynt å vere medlem i Medi3 eller ha ei tilvising for å nytte seg av tilbodet. Også i tida etter fødselen vil jordmora vere tilgjengeleg med ammehjelp, samtalar og kontrollar, i følgje Medi3.