Flagga om til Fjord 1:

No kjem ferje nummer to til Hareid - Sulesund

Havyard Group overleverte tysdag ferje nummer to til Fjord 1, som skal inn på sambandet Hareid - Sulesund.

Her frå flaggbytet under overleveringa på Havyard Ship Technology i Leirvik tysdag. Dermed er ferje nummer to på strekninga Hareid-Sulesund overlevert til Fjord1.  Foto: Havyard.

Næringsliv

Med det er to av tre nye ferjer straks på plass. Den tredje kjem i mars, og då er eitt av dei mest trafikkerte sambanda i landet totalfornya.

Ferjene som skal gå i sambandet er av Havyard 936-design - og er den første trioen av ei lang rekkje ferjer der Havyard Group både leverer design, framdrift, bruløysingar og står for sjølve bygginga.

Konsernsjef i Havyard, Geir Johan Bakke, seier Havyard med desse ferjene tek i bruk totalkompetansen dei har i konsernet og samspelet mellom design-, elektro- og verftsmiljø.

- På denne måten har vi greidd å utvikle ferjer med ekstremt lågt energiforbruk, seier Bakke.

Ferjene over Sulafjorden transporterer opptil 120 bilar med energiforbruket tilsvarande åtte - ni middels elbilar. Når batteriløysinga er på plass på begge sider av sambandet, vel og merke.