Fleire nye ordrar for "nye" Evotec

Det går så det susar for Saunesmarka-verksemda som nyleg blei kjøpt opp av Rome AS.

Skisse av eit av systema utvikla av Evotec.  Foto: Evotec AS.

Næringsliv

Nyleg blei det kjent at Jogeir Romestrand gjennom Rome AS blir ny eigar av det som til no har hatt namnet Kongsberg Evotec. Verksemda, som opphavleg hadde namnet Evotec, får tilbake gamlenamnet etter at Romestrand no har tatt over. Han var også ein av dei som selde verksemda til Kongsberg for ein del år tilbake.

Evotec har sikra seg fleire nye ordrar, melder selskapet i ei pressemelding torsdag. Verksemda skal mellom anna levere komplett handteringssystem for akustisk kjelde til PGS for eit prosjekt som skal gå føre seg i Mexicogolfen sommaren 2019.

Dette er eit system som består av to avanserte hiv-kompenserte vinsjar med spolesystem, i tillegg til Evotec sitt kontrollsystem og elektriske driv-linjer for å køyre systema.

- Vi valde å halde fram samarbeidet med Evotec, som vi har hatt eit mangeårig godt forhold til - og vi er glade for at konkurransen i segmentet seismikk held fram, seier Arne Vatn, prosjektsjef for prosjektet hos PGS.

Forstudie på offshore oppdrettsanlegg

- Frå vår side er vi utruleg stolte over å bli valt som leverandør til dette prestisjetunge prosjektet. Her skal vi inn med våre nye motor og drive løysingar som gjer våre vinsjesystem til verdas mest kompakte, saman med vår aktive "heave"-kompensering - og alt skal stå ferdig for levering før sommaren kjem. Så her trengst det fullt fokus, seier salsansvarleg Geir Henning Kalvatn hos Evotec.

Evotec nemner også i pressemeldinga at verksemda i desse dagar jobbar med å ferdigstille ein betalt forstudie på offshore oppdrettsanlegg, som igjen kan bli ein ny ordre i dette segmentet etter leveringa til Ocean Farming i løpet av 2019, samt 2 nye "skidding-system" til eit offshorefarty som også skal leverast til våren.

- Vi er audmjuke i høve den konkurransen vi no er i, og vi kan love at vi skal vere like raske i vår respons og tilby våre innovative design og produkt, slik vi alltid har gjort, seier Torkjell Ringstad, leiar for sal og marknad i Evotec.

Ser etter fleire folk

Som fortel at Evotec nyleg leverte eit fullt bakdekk til ein Havyard Leirvik-bygd nederlandsk pelagisk trålar.

- I tillegg er vi i ferd med å ferdigstille ikkje mindre enn to komplette handteringssystem til forskingsfarty i Korea, i tillegg til eit avansert og heilautomatisk nodesystem til seismiske botnundersøkingar, seier Ringstad og legg til:

- Med nye ordrar og enno fleire bein å stå på, så treng vi også fleire folk. Vi søkjer no etter både ingeniørar, serviceingeniørar og flinke framoverlente seljarar.