Kleven byggjer meir enn båtar

Næringsliv

Det er ikkje berre båtar som vert sjøsette ved Kleven verft. Torsdag vart ei 170 tonn tung forskalingskasse sjøsett og slept til Ulstein Betongindustri i Haddal.

Forskalingskassa er ein stålkonstruksjon på 17 x 65 meter og har ei vekt på 170 tonn. Forskalinga skal nyttast av Ulstein Entreprenør når dei skal støype ny tørrdokk for Ulstein Betongindustri, melder Kleven Verft i ei pressemelding.

Takkar for kjekt oppdrag

– Kleven Verft takkar for eit kjekt oppdrag og eit godt samarbeid, og ynskjer Ulstein Entreprenør lykke til vidare med prosjektet sitt, heiter det frå verftet.

Arbeidet med bygginga av forskalingskassa tok til i januar og Ulstein Betongindustri melder at planlegging, byggeprosess og overlevering har gått heilt etter planen, noko dei seier seg svært godt nøgde med.

Ulstein Betongindustri har også sendt ut ei pressemelding i høve overleveringa der dei nyttar høvet til å takke Kleven verft for det ferdige produktet.

Ifølgje pressemeldinga er planen å støype botnplate og vegger innvendig i konstruksjonen. Deretter skal det heile manøvrerast på plass i steinfyllinga som no er tillaga for dette formålet på området til Ulstein Betongindustri.

Ferdig til hausten

Ulstein Entreprenør reknar med å vere ferdige med den nye dokken og arealet rundt til hausten. Då har Ulstein Betong Marine fått enno ei dokk for bygging av flytande betongkonstruksjonar. Verksemda har ein dokk frå før der det i hovudsak vert produsert fôrflåtar for oppdrettsnæringa. Den nye dokken vil verte noko mindre enn den eksisterande og vil primært bli bruk til å lage flytemoloar og flytekaier.

– Det vil vere plass til objekt i ein storleik på opptil 14 x 50 meter, eller fleire mindre objekt, fortel Ulstein Betongindustri i pressemeldinga.

Her opplyser dei også at det totalt vert investert om lag 40 millionar kroner i samband med utvidinga av industriområdet i Haddal. Dette inkluderer forutan ny tørrdokk også ny vaskeplass for betongbilar, nytt lagertelt og utelager.