Kiropraktikk og Helse For Alle opna i nye lokale:

- Vi gler oss til fortsetjinga

Stilfullt Alt i lokala er nytt, og onsdag va det første opningsdag.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Kiropraktorane og sambuarane Hans Petter Tofteland og Grethe Flatjord har saman med dei 10 andre tilsette vore gjennom ein omfattande flytte- og oppussingsprosess dei siste månadane. Visjonen med det nye, større lokalet, er at Kiropraktikk og Helse For Alle AS også skal kunne tilby fysioterapi og massasje til kundane sine – innanfor dei same veggane.