Har ståltru på 200 nye arbeidsplassar

«Vekst i Hareid»: John Breivik er prosjektleiar for «Vekst i Hareid», og uttrykkjer stor positivitet kring næringslivet i kommunen. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Næringsliv

John Breivik gir ei oppløftande oppdatering kring «Vekst i Hareid». Prosjektet, som blir kalla for eit sosialt engasjement med solide lokale støttespelarar, er godt i gang. John Breivik tok til i stillinga som prosjektleiar i starten av januar, og har allereie vore rundt hos mange næringslivsaktørar i kommunen.