Måløyfirma etablerer seg i Ulsteinvik

Håvard Stave er tilsett i selskapet Skipskompetanse som no etablerer seg på Stålhaugen i Ulsteinvik. 

Næringsliv

Den Måløy-baserte verksemda Skipskompetanse etablerer seg no med avdeling på Stålhaugen i Ulsteinvik, med Håvard Stave som nytilsett sals- og marknadssjef.

- Ulsteinvik er eit godt knutepunkt for reisande, og det er ikkje langt til viktige kundar og hovudkontoret vårt i Måløy, seier Håvard Stave i følgje ei pressemelding som Skipskompetanse har sendt ut.

I pressemeldinga fortel dagleg leiar i Skipskompetanse, Per Jørgen Silden, at Ulsteinvik er strategisk interessant:

- Skipskompetanse ønsker å vidareforedle dynamisk konstruktiv samhandling med gode leverandørar, verft og kundar i ulike marknadar. Knoppskytinga i Ulsteinvik aukar også tilgangen til rekruttering, seier Silden.

Skipskompetanse har skipsdesign og prosjektutvikling som sitt viktigaste arbeidsområde. Selskapet vart skipa i 2007 og etablerte seg først innan store brønnbåtdesign. Seinare har dei også levert design for arbeidsbåtar og fiskefartøy. Skipskompetanse gjennomfører både prosjektleiing og prosjektering av ombyggingsprosjekt til å levere komplette designpakkar for nybygg.