Marin Teknikk:

Ny kontrakt i den russiske marknaden

Marin Teknikk skal levere meir til den russiske marknaden.  Foto: Illustrasjon/Marin Teknikk.

Næringsliv

Marin Teknikk AS har sikra seg ein designkontrakt med det russiske fiskeriselskapet LLC FC Virma frå Karelia-regionen, nordvest i Russland.

Fartøyet, med design type MT1112 XL, blir 58,6 meter langt og 13 meter breitt. Det er designa i høve reiarlaget sine ønskjer og vil bli utrusta med topp moderne Mustad autolinesystem for fiske gjennom moon-pool, fabrikk til prosessering av fisk og hermetikk, stor fryselagerkapasitet, innreiing for 36 personar og isklasse. Etter planen skal fartøyet leverast i slutten av 2020.

Vil satse sterkare på linefiske

Marin Teknikk oplyser om at dei russiske reiarlaga ønskjer å satse sterkare på linefiske som blir rekna for å vere den mest økologiske, berekraftige og miljøvenlege fiskemetoden. Linefartøyet MT skal levere blir bygd for å kunne fiske etter torsk og hyse i Barentshavet og Norskehavet, med fokus på å ta vare på heile fangsten.

- Vi er godt nøgde med å lande slike avtalar, som vil sikre arbeidsplassar på Marin Teknikk for våre dyktige ingeniørar, og i tillegg skape aktivitet elles rundt om i det maritime miljøet. Det er også spanande å jobbe tett opp i mot nye område og kulturar. Frå vårt utgangspunkt i Herøy festar vi vår lokale sterke kompetanse innan fiskeri og maritim industri, og er med på å skape store verdiar både i Norge og i utlandet, seier salsdirektør Richard K. Gjerde.

I desember 2017 signerte Marin Teknikk kontrakt med same reiarlaget for to liknande fiskefartøy - for levering av design- og engineeringpakkar. De to fartøya er no langt komne i produksjonen ved Severnay Verft i St. Petersburg, i tillegg til eit anna nybygg av same MT-design for eit anna russisk reiarlag.