Truleg overfiske av makrellkvoten - i år også

Makrell.  Foto: Arkiv.

Næringsliv

(NPK): Kyststatane kjem til å fiske cirka 828.000 tonn makrell i år viser ei utrekning Fiskeribladet har gjort. Det er 160 prosent meir enn det tilrådde totalfiske frå forskarane på 318.000 tonn.

EU, Noreg og Færøyene er einige om å fiske 551.000 tonn, og i tillegg avsette 102.000 tonn til dei kyststatane som ikkje er med i makrellavtalen: Island, Grønland og Russland.

Dei som ikkje er med i makrellavtalen fiska 306.000 tonn i fjor, fleirdobbelt av det som blei avsett i avtalen mellom Noreg, EU og Færøyane.

Grønland har allereie sett årets kvote til 60.000 tonn, ti prosent under fjoråret, medan Fiskeribladet legg til grunn at Island reduserer makrellkvoten frå 132.000 tonn i fjor til 105.000 tonn i år når dei snart skal setje ein kvote. Det vert også lagt til grunn at Russland og andre fiskar det same i år som i fjor.

– Det er uheldig at det er så stor forskjell mellom forsking og forvaltning i spørsmålet om makrellbestanden, og at det er seks år sidan sist det var ei semje mellom alle kyststatane om fordeling av makrellen, seier fagsjef for industri i Sjømat Norge, Kyrre Dahle, til avisa.

I 2017 var overfisket på 37,5 prosent, medan det i 2018 var på 82 prosent, målt mot anbefalingane til forskarane.