HS Entreprenør AS blir største eigar i Rise Bygg AS

Stryn-baserte HS Entreprenør AS blir største eigar i Hareids-verksemda Rise Bygg AS.

Frå venstre ser ein Ronny Nipen, Knut Løvdal Stauri, Arne Sandnes og Peter Rise.  Foto: Rise Bygg AS.

Næringsliv

I ei pressemelding måndag ettermiddag går det fram at aksjemajoriteten i Rise Bygg AS er seld til HS Entreprenør AS. Gjennom oppkjøpet ønskjer sistnemnde å auke trykket mot Sunnmøre, og betre sin posisjon som regional entreprenør på Nord-Vestlandet.

Eigarane av Rise Bygg AS har dei siste åra jobba for ei løysing for å sikre det beste grunnlaget for vidare vekst.

Ved sal av aksjemajoriteten (51%) ivil selskapet få tilført større ressursar både i form av kompetanse og finansar. Styret i Rise Bygg AS meiner dette var naudsynt for å møte framtidige utfordringar - til dømes i høve stadig større og kompliserte byggjeprosjekt.

- Vi er svært nøgde med å få Rise Bygg AS med på laget. Selskapet er ein viktig entreprenør på Søre Sunnmøre, og dei har ein bedriftskultur og eit verdigrunnlag som går gått saman med HS Bygg AS og resten av HS Entreprenør AS. Oppkjøpet er i tråd med vår strategi om å vekse lønsamt på Nord-Vestlandet, seier Knut Løvdal Stauri», styreleiar i HS Entreprenør AS.

- Styret, leiinga og dei tilsette i Rise Bygg AS ønskjer HS Entreprenør AS velkomen som medeigar og partnar. Det nye eigarskapet vil styrke moglegheiter til vidare vekst og positiv utvikling for selskapet i ein spanande marknad, og ekstra gledeleg er det at vi får inn ein regional aktør på eigarsida, seier styreleiar i Rise Bygg AS, Arne Sandnes.

Eit ledd i generasjonsskiftet

Oppkjøpet bidreg i følgje pressemeldinga til at HS Bygg AS og Rise Bygg AS styrkjer posisjonen som lokale entreprenørar i Nordfjord og på Sunnmøre. Saman får dei to selskapa nær 100 medarbeidarar og ei samle omsetning på rundt 300 millionar kroner.

Rise Bygg AS blir som følgje av transaksjonen eit dotterselskap av HS Entreprenør AS. Rise Bygg AS har i løpet av den siste tida inngått fleire større byggekontraktar som til saman utgjer ein solid ordrereserve på 210 millionar kroner - noko som vil sikre stabil aktivitet i fleire år framover.

Dagleg leiar Peter Rise i Rise AS (som kontrollerer holdingselskapet som har eigd 100 prosent av aksjane i Rise Bygg AS) seier i ein kommentar at å få HS Entreprenør AS inn på eigarsida, er eit ledd i generasjonsskiftet i Rise Bygg AS.