Årsresultatet for 2018:

God drift for Tussa

Tussa-konsernet går godt. Her frå kraftverket på Standal.  Foto: Tussa/Pressefoto.

Næringsliv

Tussa hadde samla driftsinntekter på 1.048,2 millionar kroner og eit driftsresultat på 132,5 millionar kroner i 2018. Det skriv konsernet i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Resultatet er på nivå med 2017, og viser god drift innanfor alle forretningsområda. Det har vore få driftsavbrot innan både energi og breiband.

Både driftsinntektene og driftskostnadane auka frå 2017 til 2018 for konsernet. Hovudårsakene til dette er ifølgje Tussa høgare kraftprisar og at kraftkjøpet for vidaresal til sluttbrukar vart lagt om frå konsernintern handel til konsernekstern handel frå september 2018.

Tussa kjøpte også aksjar i Istad AS i fjor - og ved utgangen av året var Tussa største aksjonær med 36 prosent av aksjane.