Betra marknad for supplyskip:

Havila Clipper fekk kontrakt

Reiarlaga Havila og Eidesvik sikrar seg begge kontrakt med Equinor i ein marknad som har betra seg.

Havila Clipper.  Foto: Havila Shipping.

Næringsliv

(NPK): Til saman får dei to reiarlaga åtte månader med arbeid for Equinor. Supplyskipa til Havila Shipping og Eidesvik startar arbeidet denne månaden, melder Sysla.

Det ligg om lag 110 supplyskip i opplag.

Prognosar frå Rederiforbundet viser at 80 av desse er venta å få arbeid i år. Marknaden for supplyskip har dei siste månadane betra seg.

Havila Shipping har inngått kontrakt med Equinor for supplyskipet Havila Clipper i fire månader i tillegg til opsjonar. Også Eidesvik har sikra seg fire månader med arbeid for Equinor med skipet Viking Queen, skriv næringslivsavisa.