Kleven-direktøren under Leverandørkonferansen 2019:

- Det er ein vanskeleg situasjon no

Administrerande direktør i Kleven Verft AS, Olav Nakken, under Leverandørkonferansen 2019 på Sjøborg kulturhus.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Utfordringane for Kleven Verft i samband med bygginga av dei nye ekspedisjonsskipa til Hurtigruten har vore så store at verftet til dømes har leigd så å seie heile det tidlegare Ekornes-bygget på Hareid – berre for å lagre møblar, inventar og takplater til skipa.