Offshoreskip får betre betalt

Meir aktivitet gir høgare leigeprisar for offshoreskip.

AHTS-fartøy i opplag i 2016. Far Searcher (bak t.v.), Far Serenade, Far Service (skjult), Far Server (skjult), Far Statesman (framme t.v.), Far Sigma og Far Sovereign. Illustrasjonsfoto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix / NPK 

Næringsliv

Marknaden for supplyskip har dei siste månadane betra seg og gir dei høgste betalingane sidan 2014, men ratane for skip som flyttar riggar kan fort falle igjen, melder E24.

Ei oversikt frå skipsmeklar Westshore viser at ankerhandteringsfartøya Skandi Bergen, Siem Opal og Far Sigma er leigd inn for å flytta riggen Deepsea Bergen. Alle skipa får betalt ein rate på 370.000 kroner per dag.

Førre månad låg snittet på om lag 180.000 kroner, skriv næringslivsavisa.

Det er likevel ikkje sikker at betalinga kjem til å vera lika god i tida framover for ankerhandteringsfartøya (AHTS).

– For AHTS er det veldig varierande. Utnyttinga går opp og ned fordi jobbane varer såpass kort, og dei treng mange jobbar for å dekka behovet for arbeid til flåten, seier analytikar Inge Moy i Westshore.

Marknaden for forsyningsskipa (PSV) er derimot sterkare, og fleire ankerhandteringsskip er hyrt inn for å gjera supplyjobbar fordi det ikkje er tilgjengelege fartøy.

Eit supplyskip treng mellom 75.000 til 85.000 kroner om dagen for å dekka utgifter mannskap og drivstoff. I tillegg kjem renteutgifter og avdrag på lån.