Kleven-direktøren fortel at MS Roald Amundsen skal ferdigstillast snarast råd:

Skal på planlagt opphald i Florø - så tilbake til Kleven Verft

MS Roald Amundsen har vore på fleire kortare prøveturar kring om i regionen. No skal ekspedisjonsskipet på eit planlagt dokkopphald i Florø, før det skal gjerast heilt klart på Kleven Verft igjen. Her frå då skipet segla saman med veteranen MS Lofoten utover Ulsteinfjorden.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Som kjent gjekk Kleven Verft og eigarselskapet Hurtigruten ASA ut i starten av april og bekrefta at leveringa av det første ekspedisjonsskipet til Hurtigruten, MS Roald Amundsen, ikkje kom til å skje i løpet av mai - slik det hadde vore førespegla ei god stund. Levering av skipet har også blitt utsett tidlegare, men den gongen til ein mykje større kostnad.