Hareidsbåt var med på å redde 1,5 millionar laks frå oppdrettsanlegg i Lofoten:

No er Inter Nord i gang med å redde fleire fisk

Her er hareidsbåten Inter Nord i arbeid med å evakuere laks frå eit nytt oppdrettsanlegg eigd av Nordlaks, i Kalvehodet i Aust-Lofoten. Dette bildet blei tatt torsdag.  Foto: Ivar Johnsen/Nordlaks.

Næringsliv

Natt til torsdag denne veka var Inter Nord, ein brønnbåt eigd av reiarlaget Intership på Hareid, med på å redde ut heile 1,5 millionar laks frå oppdrettsanlegget til produsenten Nordfisk i Våtvika i Aust-Lofoten. Dette på grunn av frykta for giftalgar. Cermaq sin brønnbåt Steigen var også med på arbeidet, og det at begge båtane var med på oppdraget - gjorde at prosessen tok mykje mindre tid enn frykta. Tre døgn tok det før all fisken var ute av merdane. Fisken er sagt å ha ein verdi på til saman 400 millionar kroner.