Eksport av sjømat for 8,7 milliardar kroner i mai

  Foto: Arkiv/Illustrasjon.

Næringsliv

(NPK-NTB): Noreg eksporterte sjømat for 8,7 milliardar kroner i mai i år, ein auke på 3 prosent frå mai i fjor. Lakseverdien har auka, men mange er hardt ramma av algar.

Det vart eksportert 181.400 tonn sjømat i mai månad, opplyser Noregs sjømatråd , som kallar verdauken moderat.

– Det har vore ein verdivekst på fleire artar i mai, kor spesielt laks og makrell har trekt opp totalen. Etterspurnaden etter norsk sjømat er samla sett god, særleg i Europa og Asia, seier Tom-Jørgen Gangsø, direktør for marknadsinnsikt og marknadstilgang i Noregs sjømatråd.

– Samtidig har den norske krona svekt seg, spesielt mot dollaren, som har gitt ein positiv innverknad på eksportprisen. Sjølv om både eksportvolum og verdi har auka i mai så har algeoppblomstringa i Nordland og Troms medført at enkelte selskap har lide store tap i produksjonen. Dette er ein tragisk situasjon for dei som er ramma, legg han til.