Helse Møre og Romsdal:

Vil kutte tilsvarande 130 årsverk

Konstituert administrerande direktør i Helse og Møre og Romsdal, Nils Kvernmo.  Foto: Torbjørn Eidhammer/Sunnmørsposten.

Næringsliv

(Sunnmørsposten): Helse Møre og Romsdal vil kutte tilsvarande 130 årsverk for å spare pengar.

– Vi må få kontroll på økonomien på kort sikt, seier konstituert administrerande direktør Nils Kvernmo i ei pressemelding torsdag.

I styresaka som blir lagt fram 12. juni er det skissert ein kostnadsreduksjon tilsvarande 130 årsverk for å få kontroll på økonomien på kort sikt.

Kan ikkje unngå oppseiingar

– Omstillingsprosjekta vi arbeider med er fornuftig utviklingsarbeid og noko vi skal gå vidare med. Men dei er komplekse og gir ikkje nok effekt på kort sikt, seier Kvernmo og legg til:

– Vi vil så langt som mogleg unngå oppseiingar, men kan ikkje utelukke det. Prosessane skal gjennomførast i samråd med dei tilsette og deira tillitsvalde, og desse må bli involvert i planlegginga og gjennomføringa, seier han.

– Brukar for mykje på løn

Helseføretaket har sidan samanslåinga i 2011 gått med store underskot. Utifrå situasjonen per i dag er det anslått ei samla prognose for helseføretaket på minus 100 millionar kroner i 2019, noko som er 56 millionar kroner dårlegare enn budsjettkravet ved utgangen av 2019.

- Helse Møre og Romsdal må ha ein økonomi som gjer det mogleg å oppretthalde god drift, sikre naudsynte investeringar i medisinsk-teknisk utstyr slik at ein kan gi best mogleg pasientbehandling. Slik situasjonen er no nyttar vi for mykje på løn og for lite på utstyr, seier Kvernmo i pressemeldinga.

Arbeidet med planen for kostnadsreduksjon skal i gang snarast, og før sommarferien må alle tiltaka vere spesifisert. Gjennomføringsplanen skal innehalde detaljerte tiltak og prosess for gjennomføring av reduksjon i årsverk og eventuelle andre tiltak.


Denne saka blei først publisert av Sunnmørsposten.