Designbyrået grunnlagd av dimningen Tom Emil Olsen er best i Europa:

Nok ein europameister frå Dimnøya

Tom Emil Olsen, gründer, administrerande direktør og eigar av designbyrået Kind - som i helga blei kåra til det beste i Europa.  Foto: Pressefoto/Kind.

Næringsliv

Tom Emil Olsen, som vaks opp på Dimna, grunnla byrået Kind i 2013 - og er framleis eineeigar. Byrået, som har hovudkontor i Bergen, blei i helga kåra til Europa sitt beste. Det skjedde under European Design Awards i den polske hovudstaden Warszawa.