Difor blir leveringa av Color Hybrid frå Ulstein Verft forseinka:

- Eit komplekst og krevjande prosjekt

Color Hybrid på veg ut frå dokkhallen ved Ulstein Verft tidlegare i år.   Foto: Arkiv/Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Måndag blei det kjent at leveringa av Color Hybrid, verdas største plug-in hybridskip, blir forseinka. Det opplyste reiarlaget Color Line sitt eigarselskap, Color Group, om i ei børsmelding. Hybridkjempen blei nyleg også kåra til årets skip av Skipsrevyen under Nor-Shipping.