Vellukka prøvetur for Color Hybrid

Denne veka har verdas største plug-in hybridferje vore på prøvetur og snart skal skipet overleverast frå Ulstein verft.   Foto: UAVPIC

Næringsliv

Det nærmar seg verkeleg overlevering for prestisjeprosjektet Color Hybrid frå Ulstein verft. Denne veka har verdas største plug-in hybridferje vore ute på prøvetur og mange rundt om på Sunnmøre har fått med seg det 160 meter lange skipet si ferd gjennom fjordane.


 

- Vi er svært glade for at teknisk prøvetur denne veka har gått etter planen og at Color Hybrid er venta til kai igjen ved Ulstein Verft laurdag.
Det har blitt lagt ned ein fantastisk innsats av våre medarbeidarar på dette prosjektet, no er det full fokus på siste ferdigstilling og vasking slik at båten blir klar for overlevering innan få dagar, fortel organisasjons- og kommunikasjonsdirektør i Ulstein Group, Lene Trude Solheim, i ei melding til Vikebladet Vestposten.