Color Hybrid:

Jomfruseglasen blir utsett - igjen

Color Hybrid  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Næringsliv

26. juli var lenge tenkt som datoen for jomfruseglasen til verdas største plug-in hybridskip Color Hybrid frå Sandefjord til Strømstad - men som kjent blei seglasen utsett til 9. august - førstkomande fredag. Måndag kom derimot meldinga frå Color Line om at jomfruseglasen er ytterlegare forseinka.


Jomfruseglasen til verdas største plug-in hybridskip blir utsett:

Seglar første turen til Strømstad 9. august

 

16. august er no den nye datoen for første turen frå Norge til Sverige med storskuta som blei bygd ved Ulstein Verft. Det skriv Color Line på sine heimesider.


Vi var om bord i Color Hybrid før avreise fredag. Sjå bildeserie:

- Dei tilsette har stått på langt utover det vi kunne forvente

Rundt lunsjtider fredag forlèt Color Hybrid Ulsteinvik til fordel for Austlandet. Vi blei med om bord.


Årsaka til utsetjinga er ifølgje reiarlaget Color Line at ein treng lengre tid til å gjennomføre testprogrammet. Fredag segla skipet frå Ulsteinvik, og søndag var Color Hybrid framme i Larvik, der det skal fyllast opp med varer og utstyr.

Alle som har bestilt reise med Color Hybrid blir bedne om å kontakte Color Line, og fram til jomfruseglasen går vil Bohus og Color Viking halde fram i ruta, som tidlegare.