Marin Teknikk:

Sikra seg kontrakt på nyvinnande line- og snurrevadfartøy

Slik ser ein føre seg det nyvinnande line- og snurrevadfartøyet Marin Teknikk leverer design- og engineering på, og som skal byggast av Tersan Shipyard i Tyrkia. Kunden er Austevoll-reiarlaget Østerfjord AS.  Foto: Marin Teknikk.

Næringsliv

Indre Herøy-baserte Marin Teknikk har teikna kontrakt med Torangsvåg-baserte Østerfjord AS, og Tersan Shipyard i Tyrkia, for levering av design- og engineering på eit nyvinnande fiskefartøy. Det skriv Marin Teknikk i ei pressemelding fredag formiddag.