Sparebank 1 Søre Sunnmøre:

Historisk godt resultat

Administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset.  Foto: Sparebank 1 Søre Sunnmøre/Marius Beck Dahle.

Næringsliv

Sterk kundevekst, meir kostnadseffektiv drift og låge tap kombinert med god avkasting på finansielle investeringar, gjer at halvårsresultatet til konsernet Sparebank 1 Søre Sunnmøre før tap og skatt er rekna til 133,4 millionar kroner. Det kjem fram i ei pressemelding frå bankkonsernet onsdag formiddag.

- Resultatet viser at banken er inne i ei god utvikling. Vi veks, aukar inntektene frå bankdrifta og har kontroll på kostnadane. Tapa er låge, og kvaliteten i utlånsportefølja er god. Det gir tryggleik for både kundar, eigarar og dei tilsette, seier administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset.

Dei siste 12 månadane har banken ifølgje pressemeldinga hatt ein samla vekst i utlån, inkludert lån overført til kredittføretak, på 11 prosent.

Av dette er 9,1 prosent i personmarknaden og 21,8 prosent i bedriftsmarknaden.

Banken har også det siste året hatt ein auke i innskot på 13,7 prosent, derav 7,3 prosent i personmarknaden og 24,6 prosent i bedriftsmarknaden.

Den høge veksten i bedriftsmarknaden må sjåast i lys av utlånsreduksjonen i 2016 og 2017. Det er venta ein noko lågare prosentvis vekst i tida som kjem.

- Det er knallhard konkurranse om kvar einaste kunde. Den sterke veksten som ligg godt over marknadsveksten er ei stadfesting på at vi er attraktive, konkurransedyktige og tilbyr høg kvalitet i rådgjevinga vår, seier Brautaset.

Driftskostnadane i banken er reduserte med 4,2 millionar kroner samanlikna med same periode i fjor.

SpareBank 1 Søre Sunnmøre forventar elles at aktivitetsnivået i banken sitt marknadsområde held seg oppe - og at den positive utviklinga vil halde fram.