Industridesignkonferansen IDC/19 på Giske

Prisdryss til Ytre Søre

Prisdryss: Ytre Søre Sunnmøre var sterkt representerte mellom prismottakarane under Industridesignkonferansen IDC/19 på Giske, med prisar til verksemder frå både Hareid Herøy og Ulstein. 

Næringsliv

Ulstein Group kunne torsdag ta i mot prisen for beste industridesignselskap som vart utdelt under Industrial Design Conference (IDC) på Giske, medan Jets fekk berekraftprisen.

- Dette var veldig kjekt og overraskande! Vi har mykje hardt arbeid bak oss og meir i vente framover. Prisen er ein honnør til alle medarbeidarane våre som kvar dag står hardt på for at vi skal lykkast og ikkje minst ein honnær til eigarane våre som tenker langsiktig, seier Lene Trude Solheim, organisasjons- og kommunikasjonssjef i Ulstein Group.

Ulstein Group var nominert til ialt tre av dei fire prisane som vart utdelt i samband med konferansen.

Konferansen som vert halden på Giske samlar verksemder, organisasjonar og folk som jobbar med industriell design eller er knytt til designregionen Ålesund.

Sjefsdesignar Øyvind Gjerde Kamsvåg rettar ei takk til alle medarbeidarane sine.

- Takk til alle dyktige kollegaer for tverrfagleg innsats gjennom mange år og ei leiing som gir rom og tid for å tenke annleis, sa han.

Herøyfirmaet Tango Seaweed fekk prisen for beste industrinykomar, medan Nye Ålesund kommune vart kåra til årets brand.

Prisane er ei utmerking for den delen av industri og næringsliv som nyttar design som en sentral del av forretningskonseptet sitt. Juryen består av Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, DOGA, EGGS Design, NextDigital og NTNU.