Rekneskapen etter første halvår

Tussa har tent 60 millionar meir enn i fjor

Frå Tussa sitt anlegg på Standal  Foto: Tussa

Elling Dybdal er konsernsjef i Tussa  Foto: Tussa

Næringsliv

Høg produksjon, høg kraftpris og lågare driftskostader. Slikt blir det pengar av. Og dette har vore situasjonen for Tussa i år.

– Rekneskapen pr. 2. tertial syner eit driftsresultat på 129,4 mill. kr, som er ei auke på 92,8 mill. kr samanlikna med tilsvarande periode i 2018, skriv Tussa i ei pressemelding.

Resultat før skatt er på 76,9 mill. kr (16,5). Omsetninga vart 737,3 mill. kr (633,4). Tilsvarande tal pr. 2. tertial 2018 står i parentes.

– Konsernet har ein auke i driftsresultatet på 92,8 mill. kr samanlikna med tilsvarande periode i 2018. Hovudårsaka til auken i driftsresultatet er høgare produksjonsvolum, høgare oppnådd kraftpris og lågare andre driftskostnader. I fjor vart turbinane i Tussa kraftverk på Bjørke rehabilitert og oppgradert, og kraftverket var ute av drift i nærare 6 månader, skriv selskapet i ei pressemelding.

Tussa Energi AS er største bidragsytar til auken i resultatet, men alle selskapa viser positiv resultatutvikling sett i høve til 2. tertial 2018.


Saka stod først på trykk i Møre-Nytt