13 verft har klaga på saneringspålegg

Ulstein Verft er mellom verfta som argumenterer mot pålegget om å utarbeide ein tiltaksplan for sanering av sterkt forureina sjøbotn  Foto: Halvard Alvik/NTB Scanpix/NPK.

Næringsliv

NPK: Fylkesmannen i Møre og Romsdal har pålagt 13 verft å utarbeide ein tiltaksplan for sanering av sterkt forureina sjøbotn. Alle verfta har klaga inn pålegget.

Det skriv Sunnmørsposten.

– Å lage tiltaksplan er dyrt. Å måtte gjere fysiske tiltak er enno dyrare; då snakkar vi eit titals, kanskje fleire hundre millionar kroner seier kvalitetsdirektør i Oddbjørn Hjelle i Vard til avisa. Vard eig fire av dei 13 verfta som har klaga.

Rundt 2009 blei mange verftseigedomar i Møre og Romsdal miljøkartlagt, som ein del av eit stort nasjonalt prosjekt. Undersøkingane avdekte betydeleg forureining.

– Det er vanskeleg å finne ut kven som har ansvaret når vi er mange aktørar i same område. Vi meiner det er det offentlege som har ansvaret for å finne ut det, seier Hjelle.

Også Ulstein verft argumenterer grundig mot pålegget i klaga si til Fylkesmannen. Dei skriv at det ikkje er sannsynleggjort at vesentlege delar av forureininga stammer frå akkurat dei.