Maritim næring får eiga stortingsmelding

Oslo 20170810. Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner det er viktig at Konkurransetilsynet undersøkjer om leverandørane forskjellsbehandlar dørene matvaregigantane. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK  Foto: Larsen, Håkon Mosvold

Næringsliv

Det skal lagast ei eiga stortingsmelding for dei maritime næringane i Noreg. Mindre oljeavhengigheit, digitalisering og strengare miljøkrav blir nokre av ingrediensane.

Meldinga skal etter planen vere klar hausten 2020.

– Denne meldinga vil ikkje berre legge føringar for politikken eit eller to år fram i tid, men for dei neste ti åra. Vi skal invitere aktørane i den maritime næringa til diskusjonsmøte og til å komme med innspel, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen til E24.

I melding skal regjeringa sjå på rammevilkår, arbeidsforhold, marknadsutsikter og reguleringar for å stake ut ein kurs framover.

Med 85.000 tilsette og ei verdiskaping som analyseselskapet Menon har rekna ut til å vere 142 milliardar årleg er den norske maritime næringa ein av dei største bransjane i Noreg.